Kamptråd Moss - Aalesunds FK

MrJensen

Active member
17/9/23
68
19
8
Denne gongen vert kamptråden starta etter kamp, motivasjonen til å i det heile tatt tenke på Aalesunds er lav for tida. Ikkje imponert over Moss, med litt flyt og presisjon kunne Aalesunds tatt seieren her. Forsvaret på baklengsmålet var ubegripelig svakt, ballen er i lufta i eit halvt minutt, ikkje ein kjeft som er i nærheita av å vinne hodeduellen.

Må vell snart hente ein midtstoppar?
Hopland er ute i månedsvis, Haram kan bli ute ei god stund, desse helputeskadene kan berre legast med avlastning (lite kompatibelt med å halde seg i kampform)

Jumboplass i Obos no, kan vell berre gå oppover no?!